Midt i blinken for dei som elskar historiske romanar.
Alver bibliotek
Historisk roman som handlar om forfattaren si farmor sin oppvekst på Vangsnes i Sogn. Boka er lettlesen og spanande. Innimellom er det enkelte parti der forfattaren kjem med utfyllande opplysningar. Dette kan verke litt forstyrrande. Sjølv om boka ikkje ser slik ut, så passar den for dei som likar forfattarar slik som t.d. Riley, Moyes.

Ingeborg Kristine og Lovise vert døypte med nokre vekers mellomrom i Vangsnes kyrkje i Sogn. Den eine vert skriven inn i kyrkjeboka som ægte, medan den andre vert ført inn som uægte. Dette skal få følgjer for dei to som veks opp i eit bygdemiljø prega av konfliktar mellom fastbuande og tilreisande. Det er ei tid med aukande turisme og endringar. Bondekultur med handverk, vevnad og treskjering møter bykultur. Til dei frodige bygdene kjem også båtbyggjarar frå Hardanger og Kvinnherad. Jentene får merka det yrande livet ved sjøkanten og ved handels- og gjestgjevarstadane.